Motstanden mot NATO-medlemskap var likevel ganske
sterk i arbeidarrørsla fram mot landsmøtet i februar
1949. At motstanden nærmast braut saman på
landsmøtet, har nørt førestillinga om eit landsmøtekupp.
Ei anna forklaring er at alternativet – ei nordisk løysing
– i røynda fall bort like før møtet: Motstandarane stod
utan eit klårt politisk opplegg. Dei hadde satsa på at
tingingane med Sverige og Danmark skulle føra fram til
eit resultat. Dette grundige arbeidet hadde brote
saman. Dermed stod motstanden svært veikt.

Men var saka så lite førebudd i partiet at det gjev
dekning for å tala om
eit ”kupp” på landsmøtet? Det er
på det reine at framlegget om medlemskap i NATO
ikkje var sendt ut i partiet på førehand, slik vanleg
var med store saker. Men tryggingspolitikken stod i
høgaste grad til offentleg debatt. Den utsendinga
som ikkje rekna med at spørsmålet ville koma opp,
måtte ha eit underleg syn på arbeidsmåten i partiet.

Eit anna omdiskutert punkt er om leiinga i
Arbeidarpartiet prøvde å føra landsmøtet bak lyset om
kva det svenske synet på våpenforsyningar frå USA
gjekk ut på. Det ser ut til at dei fleste utsendingane sat
med det inntrykket at Sverige kravde at Noreg skulle
sikra seg lovnad om våpen frå USA, og at det var eit
svensk vilkår for å gå med på eit nordisk
forsvarsforbund.
Statsminister Erlander, som var gjest
på landsmøtet, gjorde det heilt klart på slutten av
ordskiftet at dette ikkje var eit svensk krav, men tvert
imot eit norsk.
Men det kom fram så seint at det ikkje
var tid til meir debatt. Prøvde partileiinga å halde
landsmøtet i villreie om sjølve hovudknuten i dei
skandinaviske tingingane, eller var det tale om reelle
misforståingar? Same kva ein måtte meina om dette,
kan det ikkje ha vore avgjerande for utfallet. Det var
langt meir grunnleggande forhold som drog Noreg mot
alliansen.

Er det så dekning for å hevda at Noreg vart pressa
inn i NATO av stormakter i vest? USA tvika ganske
lenge med korleis dei skulle møta britiske og
vesteuropeiske ynske om ein atlantisk allianse. Men
vinteren 1948-49 endra USA politikk og gjekk inn for
ein militærallianse med Vestunionen. Frå då av er det
ganske klart at USA ynskte Noreg som alliert og var
kritisk til eit nordisk forbund – nøytralt eller
vestalliert. Det amerikanske standpunktet var at
skulle Noreg få våpen frå USA, måtte Noreg vere
alliert med USA. Den norske regjeringa meinte at eit
effektivt forsvar var avhengig av slike
våpenforsyningar. Frå norsk – og nordisk – side
kjendest den amerikanske haldninga som eit press,
og det vog tungt. Men ein kan vanskeleg hevda at
USA hadde nokon moralsk skyldnad til å forsyna
andre land med våpen utan omsyn til eigne
strategiske preferansar for at dei ikkje skulle kjenna
seg pressa.

Somme har sett eit press i at USA var etter måten
raus mot Noreg med marshallhjelp, medan Sverige
fekk mindre enn dei ynskte. Det kan forklarast med at
Sverige hadde ein sterkare økonomi og trong mindre
hjelp, medan Noreg var krigsskadd.

Noko direkte politisk eller økonomisk press ut over
våpenspørsmålet og sjølve ynsket om ein allianse let
seg ikkje dokumentera på grunnlag av kjent
kjeldemateriale.





Utdrag frå boka ”Vårt hundreår – norsk historie 1905-
1990” av professor Berge Furre, side 234-235


(Mine uthevinger)