You need Java to see this applet.
Juli 1995



Claude Monet i Stavanger


Han fangar deg med penselen, Claude Monet. Kanskje meir enn nokon
annan målar du har opplevd. Du kjenner skjelvinga i handa hans ved å sjå
på lerretet. Monet er i grenselandet mellom det verkelege og fantasien.
Han var impresjonisten som formidla opplevingar og synsinntrykk frå
naturen. Monet var målaren som leikte med lyset, dyrka fasettene og
skildra skiftingene i lys og skugge gjennom ulike tider av døgn og årstid.
Han prøvde å sprenge grenser som ingen andre.

- Eg prøver meg nok ein gong på det umogelege, nemlig vatn med
buktande strå under overflata, skreiv han til ein kamerat ein gong. - Det er
fantastisk å sjå på, men eg blir gal av å presentere det. Vel, det er slikt eg
stadig prøver meg på!

Kvifor skrive om denne franske målaren som levde frå 1840 til 1926? Han
er min favorittmålar. Det er ein grunn, om ikkje så god. Ein annan og
kanskje mykje viktigare er at Rogaland Kunstmuseum i morgon opnar ei
utstilling med bilde frå ei reise som Claude Monet gjorde i Noreg vinteren
1985 - for hundre år sidan. Monet kom til Noreg for å fange inn vinterlyset.
Resultatet blei 28 norske vinterbilde.

Når dronning Sonja i morgon opnar Monet-utstillinga i Stavanger, er elleve
av desse kunststykka på plass, frakta hit under strenge tryggingstiltak frå
private og offentlege samlingar i mange land. Stavanger og Rogaland har
god grunn til å vere stolte over å ha fått til denne utstillinga. Det er ei fjør i
hatten for Rogaland Kunstmuseum, og utstillinga fortener å bli sett av
mange i tida framover.

Samstudes som Rogaland Kunstmuseum inviterer publikum til å bli betre
kjent med Monets geniale penselstrøk, opnar ei endå større utstilling av
Monet i Art Institute i Chicago. Dette er den største utstillinga av Monets
arbeid nokonsinne, og i samband med opninga teiknar magasinet "Vanity
Fair" eit interessant portrett av denne franske kunstnaren som hadde
naturen med stor N som sitt einaste atelier.

Monet blei 86 år. Karrieren hans varte i nærmare 70. På denne tida
produserte han 500 teikningar og 2000 måleri. Ein kollega som Cezanne
var storleg imponert over kort raskt han målte. Det same var Renoir. I
ungdomstida bøygde medstudentane seg i støvet for Monets frapperande
evne til å arbeide snøgt og nøyaktig. I seg sjølv fortel det mykje at Monet
på to månader i Noreg målte 28 bilde, av dei tretten berre av
Kolsås-toppen.

Kva driv ein kunstnar som Monet? Kjærleiken til naturen var i alle høve ei
viktig drivkraft. Den var intens. Han kunne finne på å køyre 100 mil til
Normandiekysten berre for å puste inn salt luft og oppleve det spesielle
lyset som bryt fram mellom hav og himmel. Monet elska å ta inn over seg
kystlandskapet og havet. Han sa endåtil at han ville bli gravlagd i ei
sjøbøye! Så den ekte kjærleiken til naturen som du opplever når du ser
meisterverka hans, den er ekte og djup. Monet var ein svært kjenslevar
kunsnar, og alle som først er blitt glade i Monet, har tapt hjartet sitt for
alltid.

For mange Monet-elskarar kan det vere eit sjokk å bli fortalt at denne
kunstnaren var nesten like glad i pengar som i naturen. Monet hadde eit
like godt blikk for det materielle som i det åndelege. Han hadde eit godt
tak i penslane og eit like godt tak i lommeboka. Ingen andre kunstnarar på
den tida var i stand til å ta seg så godt betalt som Monet.

Kunsthandlarane meinte han var urimeleg dyr. Tre år før han kom til
Noreg, tente han 100.000 franc årleg i ei tid du kunne leve godt på 8000
franc. Inntekta hans berre vaks og vaks. I 1900 tente han 227.400 franc
på å måle, og i tillegg ga gode investeringar han ei inntekt på 40.000
årleg.

Han koste seg med Perigord-trøflar, desse lukseriøse soppane med
spesielle smakseigenskapar. Han gjekk i handsydde sko og dressar og
bukser av høgaste kvalitet. Han koste seg med sine to bilar, budde på
Savoy når han var i London, og skulle ha gåselever - foie gras - frå
spesielle distrikt i heimlandet.

Enkelte vil kalle Monet ein snobb, men takka vere hangen til pengar lagde
han på tampen av karrieren dei fremste meisterverka, nemleg serien om
vassliljene. Det var resultatet av ein årelang fiks ide, eller tvangstanke, om
du vil. Monet bygde sin eigen hage i Giverny, ein praktfull og vakker hage
som slukte dei store inntektene hans.

Ikkje mindre enn 200.000 blomar fekk han plass til der. Han fekk også
bygd dam med vassliljer. Denne dammen utvida han ikkje mindre enn tre
gonger mellom 1893 og 1910. Alle blomane i og utanfor vatnet kravde
seks heltidstilsette gartnarar. Ikkje rart at Monet var oppteken av å lage
mange bilde og ta seg fyrsteleg betalt!

Dei siste 17 åra av livet målte han 200 bilde frå hagen i Giverny. Folk flest
hugsar vassliljene hans. Utan dei ville neppe interessa ha vore så stor for
dei norske inntrykka som han festa til lerretet, og som no blir å sjå i
Rogaland Kunstmueseum. Dei elleve utstilte bilda av Monet skal vere
verdt mellom ti og femten millionar kroner. Så i ettertid kunne nok
forretningsmannen Monet ha teke seg meir betalt.

Han var etter mi meining vel unt å leve det gode liv, denne fascinerande
målaren med sansen for godt lys og gode forretningar. Monet er eit godt
døme på at kunst er menneske pluss natur, slik Vincent van Gogh ein
gong svarte då han blei spurt kva kunst var, Så gå og sjå Monet
!



Les neste artikkel
"For mange elskarar av Monet
kan det vere eit sjokk å bli
fortalt at Monet var like glad i
pengar som i naturen"
Blomen med Claude Monets namn
www.oevrebotten.com