You need Java to see this applet.

Januar 1996


Eit mindre forferdeleg land

Med den glimrande Monetfilmen frå Stavanger og Fasett Film &
TV Produksjon i friskt minne, kan det vere greit å ta
utgangspunkt i denne franske stormålaren sine inntrykk av Noreg
frå den snørike vinteren 1895. - Noreg er eit mindre forferdeleg
land enn eg hadde forestilt meg, sa Claude Monet, etter å ha
stampa med frosne fingrar og stiv pensel i metertjukk snø ved
foten av Kolsåstoppen.

Hundreogeitt år etterpå er Noreg eit mindre forferdeleg land for
stadig fleire. Vi framstår i 1996 som Paradis på jord. Alt går vår
veg på ein måte, materielt sett. Utlendingane frys og må kjøpe
stadig dyrare norsk olje for å halde varmen. Det betyr pengar i
statskasse og oljefond. Noreg er på mange måtar den bakvendte
visa i forhold til andre land. Rett nok er enno ikkje laksen i
tretoppen og ekornet på havsens botn, men det er ikkje så langt i
frå: Då nyåret tok til, heldt Statsministeren Kongens tale, og
Kongen heldt Statsministerens tale. Eller kanskje heldt dei same
sort tale? I alle fall var Kongens tale meir handfast og Gros tale
mindre handfast enn før.

Talen til statsministeren var blotta for konkrete politiske utspel.
Likevel var den meir politisk enn du kunne få inntrykk av ved
første augekast. At ho så kraftig understreka foreldra sitt ansvar
for å kome til livs mobbing, trakassering og hærverk, var eit
interessant teikn i tida. Oppsummert inneber dette at det
offentlege skal ha mindre ansvar og du og eg meir for å kome
rotløyse og kriminalitet til livs. Private løysingar blir framheva.
Kollektive løysingar i offentleg regi ikkje nemnt.

Gamle verdiar skal igjen pussast støv av, og slik sett ga talen ein
politisk og ideologisk bodskap. Talen var eit ekko av Ronald
Reagans nymoralisme på åttitalet, og John Majors “Back to
basics”-appell i Storbritannia for nokre år sidan.

No var ikkje Majors utspel om trufaste familienormer særleg
truverdig. For etter den store moralske appellen blei det avdekka
at mange av statsrådane hans slett ikkje var særleg trufaste. I
alle høve ikkje mot ektefeller og kristne og konservative
famileverdiar som dei talte så varmt for. Brotne kar finst i alle
familiar. Ronald Reagan hadde så avgjort eit problem med sin
nymoralisme, han også, etter at dottera framstod i “Playboy” som
avkledd og utbretta midtsidejente. Slik sett er Gro betre stilt som
berre har Rita Westvik å stri med. Hanskane til Westvik kan
likevel vanskeleg takast som teikn på nymoralisme i det norske
sosialdemokratiet. Til det blir det for spesielt.

Thorbjørn Jagland slår fast i boka med brev til kreti og pleti, at
“vår tid er uten dybde, begynnelse og slutt”. Det var
sannsynlegvis ikkje talen til statsministeren han tenkte på, sjølv
om også dette utsagnet har eit nostalgisk, for ikkje å seie
konservativt preg. Derimot klagar han over at politikarane ikkje
får sleppe til i fjernsyn med gjennomtenkte resonnement. At dei
blir avbrotne heile tida av programleiarar som berre vil lage
sirkus. Eg har faktisk stor sans for denne innvendinga mot
utviklinga i media. Likevel stussar eg over at statsministeren heldt
ei kongetale når ho først får sjansen til å snakke utan å bli
avbroten i ti minutt, heilt ålene, midt i beste sendetida.

Å einsidig legge ansvaret for gode oppvekstvilkår på deg og
meg, kan lett tolkast som ansvarsfråskriving. Kva om
statsministeren hadde varsla at ho ville ta ansvar for ungane i
skulen? At lærarar skulle passe på så ungane ikkje blei mobba,
slått og forstyrra i og utanfor klasserommet. (Det er der stort sett
overgrepa skjer!) At politiet skulle kome seg ut av bilane og ut på
gata. At dei skulle etterforske all kvardagskriminalitet og ikkje
legge bort dei fleste sakene. Det hadde vore utspel som det
hadde stått respekt av. At ein mann spring rundt ved
Stokkavatnet og slår ned folk med nyttårsforsett om å jogge, og
slikt skal ha skjedd før utan at nokon stansar vedkommande, er
ikkje eit privat ansvar for nærmiljøet. Det er offentleg.

Kva om statsministeren hadde lovd at ingen tunge psykiatriske
pasientar skulle gå fritt rundt utanfor institusjonane? Det også
ville ha vore utspel som hadde avtvinga respekt. I tillegg hadde
det spart fleire menneskeliv i år. Eg kunne ha nemnt mange
liknande døme. Poenget er at vårt felles, kollektive ansvar er det
statsministeren som forvaltar som den øvste politiske leiaren her
til lands. Då bør ho også snakke om dette ansvaret. Ikkje berre
om mitt og ditt, sjølv om det også kan vere på sin plass.

Noreg har høge skattar for at det offentlege skal ha eit stort
ansvar for fellesskapet. Det har vore kjernen i sosialdemokratiet.
Du kan ikkje kreve inn desse skattane, og deretter skyve
ansvaret tilbake til skattebetalarane når pengene ikkje blir
effektivt utnytta. At skulen er dårleg kan vere ei like god
forklaring på det moralske forfallet som at foreldra er dårlege.
Kanskje skuldast det begge delar?

Når politikk er redusert til administrasjon av ei oljekran på Forus
og ein moralsk peikefinger, har eg vondt for å følgje retninga som
sosialdemokratiet tek i Noreg. Eg har likevel ingen vanskar med å
sjå at du sit trygt på taburetten ved å føre ein slik politikk.
.
Denne veka har ei ny meiningsmåling vist at nesten ingen vil ha
andre enn Gro som statsminister. Ho er meir populær enn nokon
gong, og framstår som ein trygg og god administrator av
oljekranen. Slik vil vi ha det. For reformer i motsetnad til
administrasjon er trugande, og reformatoren blir aldri populær.
Den klassiske læremeister i makt frå mellomalderen, Machiavelli,
påpeikte at det både er farleg og usikkert å endre på saker og
ting, for den som gjer det har som fiendar alle dei som er tente
med det gamle systemet. Og “reformatoren har berre lunkne
forsvarar, for mennesket trur ikkje på noko nytt før at det ser at
det nye gir det solid utbytte”.

I denne enkle og geniale observasjonen frå Machiavelli, som
attpåtil skreiv lærebok for ein prins, ligg forklaringa på kvifor
politikk først og fremst er blitt administrasjon og ikkje reformer.
Det forklarer også kvitor Gro er blitt meir populær enn nokon
annan levande statsminister. Ho administrerer eit  land som trass
sine manglar og ulemper er mindre forferdeleg enn nokon kunne
ha forestilt seg. Hovudsakleg fordi utlendingane frys og treng
stadig meir olje. Claude Monet ville sikkert ha likt seg her i 1996
også. Men eg er ikkje sikker på at han ville ha løfta penselen.
Les også "CLAUDE MONET I STAVANGER"
"Kolsåstoppen" og "Meditasjon"
"Noreg er eit mindre forferdeleg
land enn eg hadde forestilt meg"

Claude Monet
"Då nyåret tok til, heldt
Statsministeren Kongens tale og
Kongen Statsministerens tale"
[ Yahoo! ] options
Neste kommentar
www.oevrebotten.com