You need Java to see this applet.

14 januar 1994


Kvil i Fred

Det er vondt å miste nokon som står deg nær. Kjenne saknet,
denne numme, tomme kjensla i kroppen, denne rare
oppfatninga av det uverkelege. Du står på sida av deg sjølv,
og det einaste du kjenner er er eit stort og sårt sakn. Slik har
eg det i dag. At Johan Jørgen er død, er ufatteleg trist -
frykteleg trist.

For når eg skal skrive minneord om Johan Jørgen Holst, må
det bli svært personleg. Eg kjende han i femten år og
arbeidde tett saman med han i to. Han var faktisk aldri Johan
Jørgen Holst for meg. Han var anten Holst eller Johan Jørgen.
Vi opplevde gode og vonde dagar saman i departementet frå
1986 til 1988. Det var før Holst var blitt kjend som fredsskapar
i Midt-Austen og ein av dei få internasjonale politikarar som
Noreg har fostra.

I 1986 var han ein fersk forsvarsminister, ein handlekraftig
statsråd som visste kva han ville. Han børsta støv av eit
departement som hadde sovna sidan han sist var der - som
statssekretær under Rolf Hansen på slutten av syttitalet. Då
han kom, hadde generalane og Forsvarets Overkommando
styrt i mange år. Det blei det brått slutt på. Johan Jørgen ville
setje skapet på plass.

Det var mange tøffe tak med Forsvarets Overkommando og
faktisk held striden med Forsvarssjefen på å koste Johan
Jørgen jobben. Vi sleit tungt ei stund. Johan Jørgen hadde
kanskje lett for å gløyme at Arbeidarpartiet ikkje hadde flertal i
Stortinget. I alle høve ville mange meine det. Det storma rundt
Holst rett som det var. Mange i Stortinget likte verken
fotnotene hans eller mange andre utspel. Dessutan var han
så flink og skulert at det irriterte.

Det som eg sette mest pris på med Holst, var hans evne til å
tenke prinsipielt. Når Johan Jørgen ville ha orden på forholdet
mellom overkommando og departement, skjedde det ut frå ei
konstitusjonell og prinsipiell vurdering. Eg trur han var skuffa
over at mange i Stortinget ikkje innsåg at han eigentleg
prøvde å ivareta dei grunnleggande interessene til Stortinget.
For korleis skulle ein statsråd vere ansvarleg overfor
Stortinget i meir enn navnet, viss han eller ho ikkje hadde full
kontroll over eigne rekker? Holst ville ha rette linjer. Det er
ikkje lett i eit land der prinsipp må vike for andre omsyn ved
første og beste krossveg.

Typisk nok blei ikkje Johan Jørgen godteken som ein stor
politikar her heime før han vart det i utlandet. Det var som
hemmeleg meklar i Midt-Austen at han nådde sitt høgdepunkt
som politikar. Hadde han fått leve, ville han kunne ha utført
fleire store bragder i internasjonal politikk. Som norsk
utanriksminister. Eller som generalsekretær i NATO, ei aktuell
stilling som han kunne ha vore rett mann for i ei usikker
brytningstid i Europa.

Holst var utdanna i Canada og USA. Han var prega av det.
Han tenkte stort og unorsk. For han var det naturleg å krysse
Atlanteren fleire gonger på ei veke, om så var. Kvar gong han
gjorde det, var jentene på forværelset glade. Då fekk dei i alle
fall fred i åtte-ni timar, eller så lenge flyturen varte, for elles
dreiv han dei hardt same kor han oppheldt seg. Telefon,
telefaks og teleks. Han brukte det meste. Ja, sekretærane
spøkte med at han ville ha nådd dei frå svartaste Afrika om
han så skulle ha brukt bongo-trommer. Ambassade-tilsette
rundt om fekk verkeleg stå på så lenge Johan Jørgen var i
landet. Han stilte store krav til seg sjølv. Han stilte store krav
til andre.

Det gjekk i turbofart dagen og kvelden lang. At han ikkje
kunne klare seg med berre ein sjåfør, slik andre statsrådar
hadde klart, var forteljande for dei lange dagane som Johan
Jørgen arbeidde. Same kor stor inn-korga var; tom var ho
etter at Holst hadde fått nokre timar på kontoret. Der fekk du
knappe og greie beskjedar. Dei var ikkje alltid like lette å
etterkome. Eg gløymer aldri sakshandsamaren som hadde
laga regjeringsnotat til Presthus, og som opplevde at Holst
brått sat i stolen våren 1986, før notatet hadde kome opp.
“Nytt R-notat. Motsatt konklusjon”. Det var Johan Jørgens
knappe og einaste beskjed til den fortvila sakshandsamaren,
skribla i full fart oppe i høgre hjørnet på åndsverket.

Når han no er borte, strøymer også andre minne lett på.
Mykje arbeid, ja vel, men mange hyggelege stunder var det.
Frå vinterøvingar i Nord-Noreg til varme og svale kveldar i
Sinai, Libanon, Israel eller Syria. Frå synfaringar i Bergen,
Eid, Jølster eller Kautokeino til møte i New York, Ottawa eller
Los Angeles. Var du saman med Johan Jørgen, var du
samstundes med i eit reisande politisk landhandleri med eit
utruleg breitt utval. Vi var berre tre personar i den politiske
leiinga i Forsvarsdepartementet; Johan Jørgen, Arne Karstad
(seinere etterretningssjef i Norge, forf.merknad 2005) og eg.

Som junior i selskapet var det ei utruleg lærerik tid. Eg gjekk
på ein måte Forsvarets Høgskole i to år med Johan Jørgen
som privatlærar. I dag er eg djupt takksam over at eg fekk
høve til å arbeide saman med han. Eg vil hugse han som ein
romsleg sjef, ein god kamerat og eit utruleg intelligent
menneske.

Som pressemann er eg skamfull over den manglande
forståing som vi kan vise politikarar av Holsts kaliber,
politikarar som gir alt, og som står på for å gjere ein best
mogeleg jobb på vegne av nasjonen. At dei reiser på første
klasse og kostar landet nokre hundre tusen kroner meir enn
vanlege byråkratar, bør ikkje vere klanderverdig, slik
Dagbladet framstilte det i Holsts tilfelle før jul. Slik kritikk var
Johan Jørgen var for, og den av og til nådelause
handsaminga som han kunne oppleve i ei ofte trangsynt
norsk presse, gjekk nok meir innpå han enn han ville vere ved
offentleg.

Det er ikkje noko som folk er så glade i - og så uforsiktige
med - som livet. Det var også tilfelle for Holst. Han var glad i
livet. Likevel var han så lite varsam med det. Om han døydde
på grunn av arbeidstempoet, får vi nok aldri svar på. Holst var
ikkje noko overmenneske, slik han ofte vart framstilt som av
medarbeidarane. Som alle var imponerte over kva mannen
kunne makte å kome over. Han var eit menneske. Eit godt
menneske. Eg vil alltid hugse åra saman med han i takksemd.
Eg vil alltid hugse det glade, sjenerte gutesmilet og den
utstrekte handa kvar gong vi seinare møttest. Tankane går til
Marianne og Edvard som sit igjen med det største saknet etter
ein travel ektemann og far, som alltid prøvde å finne tid til
familien trass i uvanleg stort arbeidspress.

Johan Jørgen var overtydd om at fred var noko ein ikkje
kunne oppnå på kostnad av kvarandre. Den måtte skapast i
fellesskap. La det vere ein viktig arv å bringe vidare for alle
som skal følgje i hans fotspor. Sjølv opplevde han å bli
nominert til Nobels Fredspris som påskjøning for sin innsats
for ei tryggere verd.

Kvil i fred, Johan Jørgen, det var freden du arbeidde for. Den
har du no sjølv funne.
HANDLEKRAFTIG: Johan Jørgen Holst i
statsrådsstolen i Forsvarsdepartementet. (Andre
bildet viser han og eg saman i 1987)
MINNESMERKE: Statuen på Akershus festning av
Johan Jørgen Holst, som er laga av Per Ung i 1999
Eg gløymer aldri
sakshandsamaren som
hadde laga
regjeringsnotat til
Presthus, og som
opplevde at Holst brått
sat i stolen våren 1986,
før notatet hadde kome
opp. "Nytt R-notat.
Motsatt konklusjon." Det
var Johan Jørgens
knappe og einaste
beskjed til den fortvila
sakshandsamaren"
Norulv Øvrebotten
www.oevrebotten.com
Sjå private bilde frå tida saman med forsvarsminister Johan Jørgen
Holst her og frå tida mi i Forsvarsdepartementet som politisk
rådgivar for han på åtti-talet.
Les neste artikkel: Eit fransk liv. Minneord om president Francois
Mitterrand frå januar 1996.