You need Java to see this applet.

November 1995


Juletre til Kina?


Kven bryt nesten alle menneskerettar som tenkast kan? Kina.
Kven køyrer med stridsvogner over ungdommen sin og drep dei i
tusenvis om så er? Kina. Kven skyt fangar, parterer dei nærmast
på staden for å bruke nyre, hjarte, armar og bein til reservedelar
for overklassen i sitt klasselause samfunn? Kina. Kven
prøvesprenger atomvåpen oftere enn nokon andre? Kina. Kven
drep jentebabyar for å halde folketalet nede? Kina. Kven rustar
opp meir enn nokon andre i Asia og trugar maktbalansen? Kina.
Kven okkuperer på det mest brutale nabolandet Tibet? Kina. Kven
aukar forureininga mest i verda? Kina. Kven undertrykker
elementære faglege rettar og arresterer alle som vil organisere
seg? Kina. Likevel: Hurra for Kina, det siste kommunistiske diktatur
i verda! Det er like før Noreg sender juletre til Den Himmelske
Freds Plass.

Fullt så langt har vi enno ikkje gått i vår nasegruse beundring for
Kina, men vi har sendt Gro med eit følgje på 60-70 politikarar og
forretningsfolk som glitter og pynt. Når peking-endene går ned på
høgkant, er det lett å gløyme at verten har blodige hender. “Etter
eit slikt måltid skriv eg under på kva som helst”, sa tidlegare
utanriksminister Henry Kissinger under Nixons besøk i Beijing i
1972. Dei hadde då fått eit overdådig måltid med Peking-and, og
skreiv under ei rekke avtalar som var til stor fordel for Kina.

Kvifor sat underskriftene så laust hos durkdrevne politikarar som
Kissinger og Nixon? Den norske kinaeksperten Halvor Eifring
meiner at amerikanarane var totalt uførebudde på den plass
strategisk tenking og psykologisk manipulasjon har i Kina.
“Krigføring er kunsten å bedra”, sa Sunzi for to tusen år sidan, og
professor Eifring viser til at dette er ein del av kinesisk kulturarv
som også blir brukt i fredeleg samkvem. Dermed gjeld
læresetningar som står temmeleg langt frå våre ti bod: “Drep med
lånt kniv!”, “Slå graset for å skremme slangen ut!”, “Lokk fienden
opp på taket og fjern stigen!” Kinesarane har vakse opp i ein
kultur der evna til dobbeltspel er heilt avgjerande sjølv mellom
familie og vener, fortel Eifring.

Så når Gro sa at menneskerettar er viktige, svarte nok verten at
det var han samd i. Dermed er alt fryd og gammen i slike stunder.
Alle er samde og peking-ender blir fort kalde på tallerkenen. Då får
det berre våge seg at kinesarane legg noko heilt anna i
menneskerettar enn nordmenn. Kvifor gå djupere inn på det? I
Kina er det ein menneskerett å drepe med lånt kniv. I alle høve for
dei som sit med makta.

Eg har sans for realpolitikk, men ikkje hykleriet i norsk
utanrikspolitikk. Kina bryr seg neppe stort om kva Noreg meiner
når alt kjem til alt. Det er likevel kraftig kost å sjå statssekretær Jan
Egeland - ein fødd idealist frå Stavanger - bli skrella av mykje av
sin integritet som menneskerettsforkjempar i Redaksjon 21 på NRK.

For den tidlegare leiaren av Amnesty International må det vere ille
og sitje og forsvare Gros besøk i Kina. På moralsk og
menneskerettsleg grunnlag finst det ikkje forsvar for eit slikt besøk.
Det kan berre forsvarast ut frå snevre forretningsmessige
interesser, og besøket stadfestar at Gro meir og meir ser på seg
sjølv som konsernsjef for Noreg AS.

At ho ikke avbraut gjestinga ein dag eller to for å delta i Rabins
gravferd, tyder også på at det politiske gangsynet ikkje er heilt bra
om dagen. Trass alt var Oslo-avtalen noko av det fremste Noreg
har oppnådd i internasjonal politikk, og Rabin var eit tragisk offer
for denne prosessen. Fred kostar. Eg vil tru at også president Bill
Clinton hadde presserande gjeremål som han måtte skyve til side
på kort varsel. Det finst viktigare oppgåver enn å opne giftfabrikkar
for Borregaard og helse på norske studentar i utlandet.

Eg sluttar aldri å undre meg over korleis folk endrar seg når dei får
framståande posisjonar. Jørgen Kosmo fekk erklært  Horten som
atomvåpenfri sone som lokalpolitikar i Vestfold. Det er faktisk ikkje
mange år sidan. No er han forsvarsminister og styrer eit forsvar
som blir meir og meir avhengig av kor truverdig NATOs
kjernefysiske våpen er, dei franske medrekna, om det skal ha
avskrekkande verknad.

Kosmo har tydelegvis akseptert dette, og bra er det, men når
kollegaen hans, Gudmund Hernes, møter opp på Høgskulesenteret
i Stavanger og ikkje vil drikke fransk vin, er toppen nådd av hykleri
og populisme, spør du meg. Iallfall når sjefen hans reiser til Kina få
dagar etter.

Då har eg faktisk langt meir sans for handelsminister Grete
Knudsen som reiser til USA og ifølge Dagens Næringsliv seier “we
are the best, fuck the rest”. Ho er i det minste seg sjølv lik,
bergensarar er berre sånn, og sannsynlegvis viser dette utsagnet
at ho har fått med seg det viktigaste poenget i norsk
utanrikspolitikk for tida.

At Noreg har sendt tungtvatn både hit og dit for å hjelpe andre
land til å lage atomvåpen, er ikkje lenger så veldig hemmeleg.
Både Israel og Frankrike skal ha nytt godt av denne norske
ressursen, som alt under siste verdskrig var ein viktig nøkkel til
utvikling av atomvåpen. Tungtvatn kan vi altså sende til Frankrike,
men ikkje juletre.

Formannskapsvedtaket i Sandnes denne veka om ikkje å sende
dei tradisjonelle juletrea til Montmartre i Paris, er eit godt døme på
norsk nisseluvepolitikk, men så var det også senterpartipolitikaren
Dan Skjørestad som sette fram det glupe framlegget. Eg vonar at
han og dei andre som utgjorde fleirtalet i Sandnes får ein retteleg
kjekk julekveld. Då kan dei gå rundt eige juletre, synge muesevisa
og retteleg godte seg over tanken på dei stakkars foreldrelause
små på barneheimen i Monmartre som for første gong på mange
år ikkje har noko juletre å kose seg med. Jula er først og fremst
høgtida til barna. Klart dei må straffast for at president Jacques
Chirac fyrer av den eine atomladningen etter den andre på andre
sida av jorda. Det verkar heilt logisk - sett frå Sandnes.

Fint at Skjørestad skaffar seg godt samvit til advent, men utanom
dei foreldrelause i Paris er det berre heimbyen hans som lir av det
geniale vedtaket. Det rammar dei svakaste blant dei svake i Paris.
Der er det ikkje lett å vere liten frå før. Eit rikt kulturelt samarbeid
mellom Frankrike og Rogaland kan ha fått varig skade, og kven
har mest å tape på det? Sandnes eller Paris?

Eg skulle gjerne ha sendt ein kaktus til Skjørestad, men fordi det
nærmar seg jul, er eg blitt så snill at eg vurderer å sende han ei
flaske av den ferske Beaujolais-vinen som blir sendt ut på
marknaden i neste veke. Vinhausten i Frankrike har vore skikkleg
god i år, har eg høyrt. Så gled deg Skjørestad, til årets Beaujolais.
Finn  fram H.C. Andersens “Piken med svovelstikkene” og kom i
julestemning fortast råd. Drikk, les og kos deg over din største
politiske triumf av året.

Den er på høgd med det beste i utlandet, ja faktisk er det kinesisk
dimensjon over dette smarte, strategiske trekket. Rett nok var det
fienden, ifølge Sunzi, som skulle lokkast opp på taket før stigen blei
fjerna, og ikkje ein sjølv, men det er berre ei pekingand i slaktetida
i desse sursøte førjulstider.  
Les neste
Eg vonar fleirtalet i Sandnes
formannskap får ein retteleg
kjekk julekveld. Då kan det
godte seg over dei foreldrelause
små utan juletre i Montmartre"
Tre sentrale kinsesiske
læresetningar: Drep med lånt
kniv, slå graset for å skremme
slangen ut, lokk fienden opp på
taket og fjern stigen"
[ Yahoo! ] options
Neste kommentar
Norulv Øvrebotten
www.oevrebotten.com