You need Java to see this applet.



Krigen mot krigen
- følgjene av ein  
absurditet




”Vi må vere klarsynte i byrjinga. For i det som er i den
spede vekst oppdagar vi ikkje faren, så når han er i full
styrke, er vi ikkje i stand til å finne fram til botemiddel”


Desse visdomsorda frå Montaigne innleiar eit
kapittel i ei viktig amerikansk bok frå 1995.
Både boka og Montaignes observasjon er aktuelle
som aldri før. Alle som har interesse av
forsvars- og tryggingspolitikk, og dagens
terrortrugsmål og felles tryggleik, burde lese
denne boka. Ikkje minst militære og politiske
leiarar av i dag. Livet er for kort til å gjere
alle feil sjølve, vi må difor lære av andre sine
feil. Då er Robert S. McNamaras
”In Retrospect –
the tragedy and lessons of Vietnam“
ein klassikar.
McNamaras tilbakeblikk er av høg verdi for tida
som vi no lever i.

Robert S. McNamara var forsvarsminister under
både presidentane John F. Kennedy og Lyndon B.
Johnson på sekstitalet. Med bakgrunn frå
sjefjobben i General Motors var han kjend for
sine store analytiske evner og ditto
arbeidskapasitet. Han var alltid brutalt oppteken
av å halde menneskelege kjensler utanfor
analysene slik at dei var klinisk reine. McNamara
er mellom politikarane som i ettertid er blitt
omtalt som ”the best and the brightest”.

Likevel grov han og USA seg stadig djupare ned i
ei militær og politisk hengemyr som heitte
Vietnam, og i denne boka forklarer han korleis
det kunne skje. Korleis feil etter feil blei
gjort. Om frustrasjonen. Om den katastrofale
utviklinga heile tida som endte opp med komplett
nederlag i 1975 og langt over 55 000 falne. Om
korleis USA snubla inn i krigen, og kvifor det
stadig blei vanskelegare å trekke seg ut.
Parallellen til dagens Irak er slåande. USA har
gjort ein stor feil ved å invadere Irak, seier
Russlands president Vladimir Putin, og legg til:
Men det vil vere ein endå større feil å trekke
seg ut frå Irak.

Likevel er vel ikkje noko anna utfall tenkeleg
etter kvart. Spørsmålet er i grunnen berre om det
skjer før president George Bushs periode er over,
eller etterpå, og kva måte det skal skje på og
kva følgjer det får. Albert Speer fortel i sine
memoarar at Hitler spøkte med at han skulle setje
inn Stalin som tysk guvernør i Sovjetunionen så
snart han hadde fullført invasjonen og okkupert
landet, for Stalin var den einaste som kunne
styre den gjengen, som han sa. Kanskje Saddam
Hussein er den einaste som kan styre Irak etter
kvart også. I det minste må USA eller irakarane
sjølve finne fram til ein leiar som er like
omsynslaus eller meir om stabiliteten i området
skal bli attvunnen og sikra.

”Eg har høyrt at skilnaden mellom resultat og
konsekvensar, er at resultat er det vi ventar,
konsekvensane er det vi får," skriv Robert
McNamara, og meiner det var svært dekkande for
oppfatninga av Vietnam sommaren og hausten 1965.
Realitetane kolliderte då for alvor med det som
var venta. ”Vi hadde ikkje før teke til å setje
ut i livet planen om å auke talet på soldatar
dramatisk, før vi blei klar over at det var grunn
til å stille spørsmål ved strategien som planen
var bygd på. Sakte blei det pinleg openlyst kor
sterke avgrensingar det var i militære
operasjonar.

”Eg hadde alltid vore trygg på at alle problem
kunne bli løyste, men no var eg konfrontert med
eit problem - som involverte nasjonal stolthet og
menneskelege liv – som ikkje kunne bli løyst.
Oppfatninga mi av krigen skifta gradvis frå uro
til skepsis til frustrasjon og til angst.
Oppfatninga skifta ikkje som følgje av at vi blei
trøytte og slitne (fatigue), slik mange har
hevda, men fordi eg stadig fekk større angst av
at fleire og fleire menneske blei drepne og vi
var ikkje i stand til å oppnå måla våre.”

Denne situasjonen er USA komen opp i på nytt. Få
eller ingen mål blir nådd. Ikkje ein gong når dei
skiftar. Noko som er skjedd med måla heile tida.
Skilnaden er dessutan at tapa ikkje berre kjem
lokalt og militært, men også globalt. Blant
tilfeldige sivile. Dette kan gjere Irak mykje
verre enn Vietnam. For oss alle.

Robert McNamara var som eldre mann modig nok til
å vedgå sine feil. Bodskapen hans i 1995 var at
du må tenkje klart i byrjinga av ein slik
konflikt, stille dei rette og relevante spørsmåla
og innsjå at berre innbyggarane i det aktuelle
landet kan vinne krigen. Vilkåret er ei sterk,
stabil og effektiv regjering som har den fulle
lojalitet og støtte frå folket. I Irak manglar
USA no omtrent alt for å vinne etter kvart. Det
same gjer irakarane sjølve.

Krigens logikk er dessutan paradoksal, ikkje
lineær, og den same dynamikken som får
statsminister Kjell Magne Bondevik til å hoppe på
og delta i okkupasjonen når det går bra og hoppe
meir og meir av når det går dårleg, gjer seg
gjeldande hos alle menneske som er involverte i
ein krig. I større eller mindre grad. ”No forstår
eg at det går rett veg,” sa general Charles de
Gaulle tørt då til og med prestane strøymde til
og helsa han varmt under marsjen mot Paris i
1944. Når prestar spring andre vegen, er dette
eit tilsvarande dårleg teikn for krigsherrar.

Krigens dynamikk rullar no med større tyngde mot
USA både i sjølve Irak og elles i verda. Ikkje
lenger for USA og oss andre som er med i
"koalisjonen av dei villige". For Noreg er også
med i denne alliansen som no blir tvinga på
defensiven. Sjølv om det norske militære
engasjementet er innhylla i humanitært prat der
det er mogeleg. Eg tvilar på om nordmenn under
krigen la særleg vekt på om tyske soldatar var
frå Austerrike eller sjølve Tyskland. Irakarar og
afghanarar skil neppe særleg meir mellom
amerikanarar og nordmenn. Ein okkupant er ein
okkupant.

Situasjonen blir ikkje betre av at kanskje aldri
har nokon leiarar tenkt mindre klarsynt før eit
felttog enn denne gongen. No tenkjer eg ikkje
berre på katastrofen i Irak, men på heile krigen
mot terror etter 11. september 2001. På sjølve
grunnlaget. Målet er ikkje definert godt nok.
Tvert om er det overordna målet rasjonelt
umogeleg. Det er faktisk ein absurditet. Ganske
enkelt. Det er meir eigna til å lure folk enn til
grunnlag for operative tiltak, og det gir
legitimitet for også undertrykkande regime langt
frå demokrati til å terrorisere opposisjonen med
fare for terror til svar. Ein terrorist hos
undertrykkaren blir lett ein fridomskjempar hos
den undertrykte.

Terror er på same måte som krig elles eit middel
til å oppnå politiske mål, og det kan vere eit
ekstremt effektivt middel. Noko dei siste åra har
vist. Men intelligente menneske som aldri ville
ha funne på å seie at vi skal føre krig mot
krigen, seier no heile tida at vi skal føre krig
mot terror: ”War on terror” er det store
slagordet, og det har same villeiande
tiltrekninga som slagordet "Nei til atomvåpen"
hadde under den kalde krigen. Det er vanskeleg å
seie seg usamd, men problemstillinga er likevel
irrelevant i forhold til politiske og militære
realitetar. Krig og politikk må ha relevante og
rasjonelle mål for å lukkast.

Slagordet "krig mot terror" er nemleg - ved
nærare rasjonelt ettersyn -like meiningslaust som
å krige mot krigen, og kan ikkje ha anna logisk
utfall i den ytterste følgje enn at vi til slutt
endar opp med å krige mot oss sjølve. Mot alt vi
står for. Noko vi allereie langt på veg gjer ved
å undergrave stadig fleire rettar som den
personlege fridomen kviler på i vestlege land. Vi
fører krig mot krigen med dei paradoksale følgjer
som dette har.

Noreg er meir utsett for terror som følgje av
engasjementet i Afghanistan og Irak. Dette seier
også Politiets Sikkerhetsteneste (PST), så
styresmaktene våre er fullt klar over risikoen
som blir teken. At risikoen kan auke før valet
her heime i september, er også ganske innlysande.
Bombene i Madrid før valet i fjor snudde opp ned
på spansk politikk og førte sjølvsagt til at alle
dei spanske soldatane blei trekte ut av Irak.
Terror hadde igjen vist seg som eit svært
effektivt middel for å oppnå eit mål. Det skal
halde hardt å halde oppe den politiske støtten
for å okkupere Irak i Storbritannia også etter
terroråtaka i London denne sommaren. Alt dagen
etter bombeeksplosjonane i London lak det ut
offisielle britiske rapportar om planar for å
trekke tilbake dei fleste soldatane frå Irak.

Er Noreg villig til å betale ein så høg pris i
"krigen mot terror” som politikarane våre er i
ferd med å la oss betale? Dersom Kjell Magne
Bondevik, Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland
og alle andre som har vore med på dette militære
eventyret utan særleg debatt på førehand, kan sjå
det norske folk inn i augo etter at nokre hundre
menneske i alle aldrar er maltrakterte på Karl
Johan eller kor det no enn skulle vere, og seie
at dette er prisen vi er villige til å betale for
”krigen mot terror”, då er det kanskje greit. Vi
har altså sendt soldatar og offiserar til
Afghanistan og Irak med opne auge, klar over at
ein katastrofe kunne skje her heime som følgje av
krigen vår ute.

Dette er ei ærleg sak. Samd eller usamd i ein
slik politikk. Vi ofrar nokre av våre landsmenn,
kvinner og barn og kven det tilfeldig enn måtte
vere som får armar og bein rivne i filler og blir
forbrende overalt, for at vi andre som er att
skal kunne leve slik vi vil sjølve. Dette er i
det minste rakrygga.

Men dette er jo slett ikkje tilfelle. I det
verkelege liv. Vi har så svake leiarar at dei
omtrent ber om å få ei bombe blåst av, kanskje
nettopp fordi dei er så svake. Dei kan såleis i
seg sjølve utgjere ein tryggingsrisiko for oss
alle. For alle veit at dei vil hoppe rundt i
terrenget med det same det smell, islamske
fundamentalistar er heller ikkje dummare enn folk
flest, og at alle norske militære difor vil vere
ute av Afghanistan og Irak ganske snart etter eit
åtak her heime. Same kva USA og andre seier. Så
då kunne vi kanskje ha spart oss for mange
menneskeliv og meiningslause lidingar ved å
trekke oss ut før det smell. For vi kjem heilt
sikkert til å gjere det når bombene har gjort
sitt. Det skal stor styrke til for å tåle denne
type tap. USA treng no kanskje sanne vener, ikkje
vener som blir usanne straks det smell.

Dette landet er ikkje villig til å betale andre
prisar enn det som kan målast i pengar. Alt anna
er illusjonar. Strategien som alle planar hittil
er bygde på, kan fort bli endra når dei
maktpolitiske realitetane innhentar oss. Viljen
vår til å krige mot krigen kan ikkje berre bli
bøygd, den kan bli knust. På få minutt.

Om ikkje anna vil veljarane sørge for at alle
soldatar kjem heim, viss tidspunktet blir like
kaldblodig valt som i Madrid. Men så modige er vi
ikkje at vi handlar før det er for seint. Motet
mangla då spiren for alt blei lagd. No er faren
meir overhengande, og motet er neppe større.
Truleg mindre. Noreg er som regel i krig fordi
leiarane våre manglar mot, ikkje fordi dei har
det. Noreg har for tida politikarar tilpassa eit
stort oljefond, ikkje krigsvilkår. Dette er eit
land kor det er meir pengar enn vett.

Fordi vi ikkje er klarsynte verken i byrjinga
eller seinare, og manglar ein framsynt tryggings-
og utanrikspolitikk som kan unngå eller i alle
fall minske faren for at det smell her, står vi
utan botemiddel når faren er i ferd med å kome
for full styrke. Det blir å ta beina fatt. Med
Kjell Magne Bondevik til nærmaste fjelltopp. Men
statsministeren kan denne gongen neppe sleppe
unna ansvaret like lett ved å seie at han er
sjokkert og lei seg og at han skal setje ned ein
kommisjon for å sjå om noko kunne ha vore gjort
annleis. Eller ved å love å be for dei pårørande
og ta ein milliard eller to ekstra frå fondet.
Land har ikkje moral, berre interesser, og vi har
inga nasjonal interesse av å betale dyrt i form
av blod og menneskelege lidingar her heime. Ei
slik interesse finst det ikkje folkeleg grunnlag
for i Noreg.

Regjeringa og det politiske miljøet elles har
teke ein veldig høg risiko med opne auge og har
inga orsaking viss vi må betale den same grusomme
prisen som menneske i London eller Madrid har
gjort. Truleg skulle eg ha skrive når i staden
for viss.

Resultat er nemleg det vi ventar. Følgjene er det
vi får.

--------------------------
Les bokmålsversjon av same kommentar
"We must be
clear-sighted
in beginnings,
for as in their
budding we
discern not the
danger, so in
their full
growth we
perceive not
the remedy.

Michel de
Montaigne
(1553-1592)
Norulv Øvrebotten
www.oevrebotten.com
Denne kommentaren er publisert 12. juli 2005