You need Java to see this applet.
Minne frå tida saman med Johan Jørgen
Holst i Forsvarsdepartementet 1986-1988
GLIMT FRÅ FORSVARSTIDA OG DEN KALDE KRIGEN:
T.v. over: Dette er plaketten som eg fekk av Holst for jobben då eg gjekk av våren
1988. Holst ser du i typisk positur i statsrådsstolen i midten, og t. h. eg under
pressekonferanse 1987, då eg som leiar for Vassdalen-utvalet la fram innstilling. Bildet
heilt til venstre er teke på tur saman med blant andre Rolf Hansen, t.h, tidlegare
forsvarsminister med Holst som statssekretær på sytti-talet, og forsvarssjef Fredrik
Bull-Hanssen, ein av dei mest markante forsvarssjefane og generalane som Noreg har
hatt etter krigen. Eg fekk etter kvart stor respekt og eit godt forhold til han.

Det som blei kalla personleg sekretær i 1986 var det same som politisk rådgivar ein del
år seinare. Eg utgjorde saman med Johan Jørgen Holst og statssekretær Arne Karstad
den politiske leiinga i Forsvarsdepartementet. Eg var sikkerhetsklarert for NATO
Cosmic Top Secret. Den kalde krigen var enno svært kald medan eg gjorde min tørn i
toppen av Forsvaret, med både usynlege og synlege frontar.  Noreg var kanskje det
viktigaste landet både for USA og Sovjetunionen, noko som spelet både over og under
overflata bar preg av i desse dramatiske åra som den kalde krigen varte, og i dei åra
som følgde etter at det sovjetiske imperiet raste saman. Kjernen i Sovjetunionen,
Russland,  var på mange felt likevel like intakt og omsynslaust. Også etter 1991.

Holst fekk ei tid etter at eg slutta, ein flink kontorsekretær som også fekk tittelen
personleg sekretær. Men med eit heilt anna jobbinnhald utan politisk leiaransvar. Sidan
Holst skreiv alt for hand, for så å la kontorsekretæren skrive det ut på dataanlegget,
var dette likevel ein særdeles velinformert medarbeidar. Ho heitte Anne Orderud Paust
og blei skoten i 1999. Domstolane dømde broren, kona hans og ei svigerinne for å ha
medverka til drapet på henne og foreldra. Eg kjende mannen hennar, diplomaten Per
Paust, som døydde relativt brått etter akutt kreftsjukdom ei stund før kona blei drepen..
STADIG NYE HOTELL: Statsråden og sekretæren på reise på Vestlandet i
1987. Det var sjeldan eg reiste med Holst, eg var saman med statssekretær
Arne Karstad mest på kontoret i Oslo og handterte den daglege drifta av
Forsvarsdepartementet. Fullmaktene var uvanleg store for ein så ung mann. For
sjefen sjøl var mykje i utlandet. Ingen i Forsvarsdepartementet har verken før
eller sidan opplevd å ha ein statsråd med slik arbeidskapasitet som Holst sidan
Jens Chr. Hauge senior var forsvarsminister rett etter krigen.
PÅ STOR FOT: Holst i Israel
STRANDPAUSE: Nokre minutt på ei
solfylt badestrand i Israel kunne det også
bli tid til
MASKULINT MILJØ:  Utanfor kontoret i Forsvarsdepartementet på Huseby 1986,
denne gongen på toppen, sju år etter at eg var der som soldattillitsmann i
kjellaren. Eg blei kalla blodhunden til Holst, kanskje mest fordi eg ofte blei sett til å
spore opp fakta i kontroversielle og vanskelege saker. (For mange gonger å stå
med knytta neve i lomma etterpå) Holst og eg hadde til felles at viss ikkje
byråkratiet gjorde ein god nok jobb, sakshandsama vi sjølve heile forholdet frå A til
Å. Noko som lett sleit oss ut.
MYKJE MORO OGSÅ: Johan Jørgen
Holst var arbeidsnarkoman og heldt
fortløpande samtalar med framståande
militære og politikarar på eit svært høgt
politisk og intellektuelt nivå nær sagt
overalt i verda. Men innimellom hadde vi
også tid til moro. Til venstre har
statsråden inntatt senga på lukseriøse
Nile Hilton Hotel i Kairo, og bildeserien
under viser Holst på ein måte som få
eller ingen har sett før, i alle fall ikkje
offentleg, i full dans med
magedansarinne på ein elvebåt på
Nilen i 1987. Stor jubel i delegasjonen.
SINAI: Helikopter brukte vi ofte for å
kome fort fram, her hos den
multinasjonale styrken i Sinai
VED PYRAMIDENE:
Kommandørkaptein Jacob
Børresen var Holsts militære
sekretær. Her er vi ved
pyramidene i Egypt 1987
PÅ KAMEL: Minnerik tur ved pyramidene
under ei rundreise i Midt- Austen 1987
ATOM-STRATEGIENS FAR: Denne helsinga
(over) fekk eg i 1988 av Albert Wohlstetter,
matematisk logikar ved RAND Corporation og
sjølve hovudarkitekten bak den amerikanske
atomstrategien, mannen bak konsept som
"second strike" mfl .

Holst hadde møte med Wohlstetter i Los Angeles
dette året i samband med ei utgreiing som
Wohlstetter hadde leia om USAs langtidsstrategi
"Discriminate Deterrence" (t.v). Andre
medlemmer av strategiutvalet var blant andre
Zbigniew Brzezinski og Henry Kissinger.

Wohlstetter er kalla den mest innflytelsesrike
ukjende mann i verda, men for dei innerste
sirklar i USA var han den mest kjende, sjølvaste
eksperten med stor E på kjernefysisk
maktbalanse. Det var i samtale med slike
sylskarpe hjerner at eg opplevde Holst på sitt
mest briljante.

"Al" Wohlstetter kom til RAND i 1951, medan
matematikaren John Nash enno arbeidde der.
Hans "game theory" la eit viktig grunnlag for
Wohlstetters studiar. Nash blei under mystiske
omstende alvorleg sinnslidande og er kjent i
Noreg frå filmen "A beautiful mind" - "Eit vakkert
sinn".

Wohlstetter døydde i 1997, 83 år gammal.
FIN GJENG: Saman med tre dyktige
folk i Midt-Austen, Åge Eknes, då
førstekonsulent, ein av dei beste
saksbehandlarane vi hadde i
Forsvarsdepartementet, underdirektør
Erik Senstad, som var pressetalsmann
og ein god ven, og byråsjef Knut
Vollebæk i Utanriksdepartementet.
Han blei seinare utanriksminister
under statsminister Kjell Magne
Bondevik.
OVER SUEZ: Her kryssar vi
Suezkanalen, med norsk flagg på
ambassadebilen.
NY DAG: Stabsmøte på eit hotelltak i
Tel Aviv l  1987.
[ Yahoo! ] options
Ver venleg ikkje å kopiere bilde utan avtale
OFFISIELT BESØK I USA:  Med statssekretær Arne Karstad på offisielt besøk i USA hausten
1986. Eit slikt besøk kan som den gongen vere tallause  orienteringar, besøk ved militærleirar
og flyplassar, oppvisning av jagerfly og mykje reising frå stad til stad. Og med eige fly og
mannskap til disposisjon. Arne Karstad blei ein god kollega og ven. Han hadde stadig ein fast
karakteristikk av meg: "A non-nonsense man". På bildet til høgre ser du han med løfta finger,
raudt slips og briller. Arne Karstad  blei i 1999 direktør i Forsvarets Etterretningsteneste
(spionsjef). Han gjekk då inn i stillinga som den meir (u)kjende Trond Johansen hadde i
mange år. Den eldre mannen som er saman med oss på bilda frå denne USA-turen, er
ekspedisjonssjef Finn Molvig, leiar for sikkerhetspolitisk kontor i Forsvarsdepartementet. Han
var ein uvanleg klok mann som eg er glad for å ha kjent.
THE BIG STICK: Å vere om bord på det historiske slagskipet
"Iowa" var ei oppleving. President Ronald Reagan fekk
modernisert dette legendariske skipet på åtti-tallet. Her avfyrer
"Iowa" ei full breiside utanfor Puerto Rico i 1984. Noko av det
mest fysisk spanande som eg elles har vore med på i Forsvaret,
er i ruskever å lande i Norskehavet på hangarskipet "USS Dwight
D. Eisenhower" (t.h) -eit skip i klassen over største krigsskip i
verda , Nimitz,- og bli skoten ut med katapult etterpå. Det var som
å sitje på spissen av ei gæværkule.
Les minneord i Rogalands Avis over Johan
Jørgen Holst, "Kvil i Fred", 1994
LIBANON: Johan Jørgen i pansra personellkøyretøy i Sør-Libanon: Med sitt klare
intellekt og evne til å handtere store mengder informasjon på ein gong, og kome
fram til konklusjonar før andre knapt hadde oppfatta premissane, var slike floker
som Midt Austen baud på, utfordringar som tiltrekte Holst.
(Klikk på små bilde for å sjå dei større)
Norulv Øvrebotten
www.oevrebotten.com
MIDT-AUSTEN: Johan Jørgen og eg i Libanon 1987