You need Java to see this applet.



Stortingsval,
sjølvrespekt og sunn
fornuft


Snart er det stortingsval, og vi lever i
ei tid der politikarane er meir opptekne
av å vere likte enn respekterte. Så langt
har valkampen stadfesta ei utvikling som
har vore på gang lenge. Eg undrar meg
ofte over kor tid dagens fremste
politikarar set seg inn i sakene og
styrer landet. For dei brukar nesten all
tid på media. For å bli best mogeleg
likte.

Eit demokrati, eit folkestyre, er mellom
anna kjenneteikna av at du og eg har ei
røyst kvar. Uavhengig av kva vi eig av
gods og gull skal vi ha same innverknad
på korleis interessene til fellesskapet
skal bli forvalta. Det er grunntanken.
Likevel snakkar stadig fleire framståande
politikarar om at Staten, fylkeskommunane
og kommunane skal styrast som følgje av
eigedomsretten. Anten det er snakk om
skular, sjukeheimar eller kva det no
skulle vere av tidlegare offentlege
institusjonar. Før styrte av organ i
forvaltninga.

Både Høgre og Arbeidarpartiet snakkar no
som om eigedomsretten til
produksjonsmidlane er blitt sjølve
nøkkelen til effektiv styring. Til og med
sjukehusa skal styrast som følgje av at
Staten visstnok skal eige sjukehusa. Der
skjer det no ”produksjon” i staden for
behandling. Slik det gjorde før.  ”Staten
har overteke. Staten er no
sjukehuseigar”, seier topp-politikarane.
Som er stolte over garantien for
soliditet som ligg i denne politiske
proklamasjonen. Om å ha laga revolusjon
og teke kontroll over produksjonsmidlane.

Dei som arbeider på sjukehusa er likevel
ikkje blitt statstilsette, og i grunnboka
står eit føretak oppført som eigar. Har
då Staten overteke? Begge delar kan ikkje
vere sant. I så fall har Noreg oppheva
alle lovers mor, kontradiksjons-
prinsippet. Som seier at ikkje noko både
kan vere sant og usant til same tid. All
fornuft elles i verda er grunnlagt på
denne lova. Men i Noreg har altså Staten
overteke sjukehusa, men ingen som jobbar
der er statstilsett.

Denne typen tankegang om styring av
forvaltninga - som i dag gjennomsyrer det
politiske miljøet - har aldri vore
karakteristisk for demokrati, men heilt
andre styresett. Sjølv Einar Gerhardsen
sa at eigedomsretten berre hadde ein
sosial funksjon. Eigedomsrett gir under
ingen omstende deg og meg lik innverknad
på forvaltninga av felles interesser.
Slik røystesetelen gjer.

Det er bedrifter og privat verksemd elles
som blir styrte som følgje av
eigedomsretten i eit
marknadsbasert
demokrati, ikkje forvaltninga. Men i
denne vår nye tids uorden er det meste
snudd på hovudet. Så no styrer
politikarane forvaltninga som følgje av
eigedomsretten når veljarane har gitt dei
rett til å styre som følgje av
røysteretten. Men bedrifter som Staten
eig heilt eller delvis styrer dei ikkje
lenger som følgje av eigedomsretten. Slik
andre som eig bedrifter gjer. Kvifor skal
då Staten eige bedrifter?

Innanfor ei anna viktig følgje av
folkestyret, nemleg lov og rett, medfører
den fragmenterte staten at Staten kan
stille deg og meg ansvarleg for alt, men
du og eg kan snart ikkje stille Staten
ansvarleg for noko. Berre prøv. Du møter
berre eit føretak. Dette gjorde du ikkje
på Gulatinget eller andre ting i gamle
dagar då konfliktar blei løyste fredeleg
på tingvollen. Så vi tek ofte eit steg
fram og to tilbake på ein gong i
utviklinga.

Politimeisteren kan gi deg bot viss du
gjer noko gale, men gjer ho eller han
noko gale, er det kome noko som heiter
føretaksstraff. Som kan gjere ho eller
han personleg ansvarsfri. Sjølv om løna
er dobla på grunn av meir ansvar.
Asymmetrisk statsstyring kan du godt
kalle den aktuelle tilstanden overalt her
i landet i dag. Du er som statsborgar
svakare enn nokon gong i høve til Staten.

Det er blitt veldig komplisert å styre
Noreg som du skjønar. Problemet blir
ikkje mindre av at politikarane er blitt
mindre kompliserte. I alle parti. Det er
ei naturleg følgje av at stadig færre
menneske vil engasjere seg i politikk, og
i alle fall ikkje dei flinkaste vil det.
Darwins lov gjeld andre vegen også. No
følgjer det snart eit stigma ved å være
stortingsrepresentant. Som gjer deg
uskikka til andre yrke for resten av
livet.

”Å organisere”, sa Ole Brumm, ”er det vi
gjer før vi gjer det, så det ikkje blir
eit einaste rot når vi gjer det”. Nemleg.
Eit problem er dessutan per definisjon
avstanden mellom det som du har og det
som du ønskjer deg. Noreg er no i ferd
med å organisere den offentlege
forvaltninga på ein måte som er rasjonelt
umogeleg å styre som følgje av
røystesetelen. Indirekte styring krev
under alle omstende ekstremt mykje meir
av leiareigenskapane hos dei styrande enn
direkte styring. Berre dei absolutt beste
manipulatorar kan greie dette godt nok.
Og då ved å dobbeltkrysse flittig.

Så når du har eit slikt system og ønskjer
å styre ærleg og på ein måte som kan
seiast på førehand, er avstanden mellom
det som du har og det som du ønskjer deg
blitt veldig stor. Eit stort demokratisk
problem er skapt. Dette blir stadig
større. Stadig større avstand oppstår
mellom det som vi har og det som vi
ønskjer oss. For så å meistre
kompleksiteten i styringsvanskane som
oppstår, blir det stadig tilsett fleire
folk. Noko som ikkje kan ha anna følgje
enn å gjere tilstanden verre og lage
systemet endå meir komplisert og
uhandterleg. For alle som har med
systemet å gjere.

Som vanleg statsborgar skal du også vere
ung, sterk og smart, og ikkje minst
frisk, for å kunne klare deg i eit slikt
system. Men det er vi ikkje. I alle fall
ikkje heile livet. Så stadig fleire blir
knuste og eliminerte i dagens Noreg.
Mellom anna går dette fram av den
eksplosive veksten i talet på
uførepensjonistar. Dei fleste som følgje
av psykiske lidingar. Ikkje så rart
eigentleg at psykiske skader blir
resultatet. For mennesket tilhøyrer
faktisk naturen. Den er alltid rasjonelt
organisert med ditto følgjer.

Når vi så i motsetnad til naturen
organiserer fellesskapet på ein måte som
er i strid med  grunnleggande rasjonelle
og fysiske lover, skader sjølvsagt
følgjene av dette sinnet. I alle fall hos
dei som kan tenke. Folk kjem fort  i
skvis mellom ulike system. Som også lett
kan motverke kvarandre. Ikkje minst fordi
samverket mellom dei er blitt for
vanskeleg å orkestrere. Staten og det
offentlege elles har ikkje leiarar på
noko nivå med høg nok funksjonsevne til å
klare ei så vanskeleg oppgåve. Å leie er
å få ting gjort, men i ein kropp der
beina ikkje er para ein gong på førehand,
er det uråd å få dei med seg når du skal
gå og gjere noko.

Funksjonsevne er alltid relativ til kor
vanskeleg ei oppgåve er og kor omfattande
denne oppgåva er. Årsaka til at
funksjonsevna hos eit menneske eller ein
annan organisasjon  ikkje er høg nok i
forhold til oppgåva, er i ein slik
samanheng irrelevant. Anten det no skulle
ha som årsak sjukdom eller manglande
fagleg dugleik. I alle fall seier det seg
sjølv at funksjonsevna skal vere veldig
høg både hos dei styrande og dei styrte
for å klare å handtere eit system som er
rasjonelt umogeleg å handtere i
utgangspunktet.

Desse høge krava  blir ikkje betre å
oppfylle når vi som blir styrte som regel
møter dette systemet først for alvor når
funksjonsevna er nedsett som følgje av
sjukdom. Følgja er at tryggleikssystema
våre kan bli relevante for den enkelte
borgar meir som trugsmål mot tryggleiken
enn som forsvar for tryggleiken. Før vi
personleg møter systemet på denne måten,
veit vi ikkje kor gale det er. Mennesket
er så viseleg laga at det ikkje bryr seg
om ting som det ikkje forstår. Før det må.

Du skal vere veldig frisk og gløgg for å
klare deg i eit slikt system som nettopp
er skapt først og fremst for å hjelpe
sjuke og mindre gløgge - anten dette er
ei følgje av varige eller mellombelse
skader, ungdom eller alderdom. Noreg er i
ferd med å gjere Kafka til røyndom for
vanlege folk. Så snart taket i livet
glipp aldri så lite. Det kan dei
sjølvsagt ikkje tåle. I ein slik
situasjon. Noko dei heller ikkje gjer.
All statistikk underbyggjer det. Stresset
blir for stort. For lenge. Folk kan falle
mellom stadig fleire stolar og miste
taket på røyndommen. Det som ikkje kan
gripast er ubegripeleg, og det som er
ubegripeleg kan ikkje gripast.

”Alt som er skapt med det gode som
føremål, kan brukast til det motsette”,
sa Aristoteles. Han var filosofen som
fekk attesten ”den personifiserte
intelligens”. Av læremeisteren Platon. Få
har tenkt betre enn dei greske
klassikarane.

Å snu eit system som er skapt med det
gode som føremål til det motsette, altså
til det vonde som føremål, kan skje
medvite og med føresett. Slik
Sovjetunionen så genialt gjorde mot
dissentar og andre opposisjonelle for at
systemet sjølv skulle bli lurt til å
knuse dei. (For deretter å kunne bruke
psykiatrien mot dei også og gravlegga dei
som zombiar. Levande lik. Utan at legane
forstod kva dei var med på.)

Det vonde sitt imperium, som tidlegare
president Ronald Reagan kalla
Sovjetunionen, var ein realitet for
altfor mange. Reagan såg dette klarare
enn noko andre, sa sanninga og handla med
kraft. Viktigast var kanskje å overtale
Saudi-Arabia i løyndom til å auke
oljeproduksjonen sterkt, med stort
prisfall på olje til følgje i 1985. Noko
som var ein spydspiss i hjartet til den
sårbare sovjetiske økonomien. Som kvilte
på eksportinntektene frå olje. Slik også
Noreg gjorde. Den kalde krigen blei
vunnen. Sjølv om den kalde krigens slutt
fekk paradoksale følgjer enkelte stader,
idet dei som i første rekke hadde vore
med på å vinne, etter kvart tapte for dei
som hadde tapt. Dette var jo heilt
logisk. Om du kjende premissane.

Når du snur eit gode som passasjerfly og
brukar det som bombe mot forsvarslause
sivile, skjer same type transformasjon av
føremål som Sovjetunionen var ein slik
ekspert på. Frå det gode til det vonde.
Denne bruken av det gode til det motsette
kan også skje umedvite, slik det no skjer
her i landet. Der heile velferdsstaten
kan bli snudd mot det enkelte mennesket.

Statoil hadde for ein del år sidan ein
kjend filosof frå California knytt til
seg som rådgivar. Peter Kostenbaum
framheva særleg kor lumsk høgteknologi
kan vere for å fremje interessene til
byråkratiet:

”Byråkrati er egentlig ikke mulig uten
sakkyndig bruk av høyt utviklet
informasjonsteknologi. Og byråkratiet er
hammeren som blir spikeren i tyranniets
kors. Raffinert undertrykkelse kan oppstå
under en tilsynelatende velmenende
regjering med upersonlige og ødeleggende
regler. Det kan også være fysisk
ødeleggelse, tortur og død”, skreiv
Kostenbaum i boka ”Filosofi i
næringslivet” i 1986. Dette er tjue år
sidan snart. I dag kan høgteknologien
gjere byråkratiet som tyranni endå meir
effektivt. Særleg i eit ineffektivt
system.

Det byråkratiske dyret har,  som den høgt
omtykte amerikanske strategen Edward N.
Luttwak påpeikar, visse karakteristiske
trekk i framferda. I den naturlege
tilstanden. Det veks i storleik og
utvidar aktivitetssfæren inntil det blir
stansa av krefter utanfrå. Denne rolla er
vanlegvis spela av det finansielle
byråkratiet (til dømes
Finansdepartementet her), som oppfyller
instinktet og motset seg vekst i andre
byråkratiske organisasjonar. Like viktig
som avgrensande faktor er det samstemte
presset av individuelle byråkrati. Som
kvar for seg kjempar for å ta vare på og
utvide territoriet. Den kumulative følgja
av dette samla presset er å avgrense
veksten i byråkratiet totalt. Utan desse
kreftene ville alle innbyggjarane i
utvikla land snart ha vore tilsette i det
statlege byråkratiet. Seier Luttwak.

Som følgje av dei enorme oljeinntektene,
har Noreg stadig færre slike krefter som
avgrensar veksten i talet på offentleg
tilsette. Byråkratiet eksploderer, og vi
kan sprenge grenser som ingen rik nasjon
før har klart. For vi gir smør på skiva
til mange byråkratar i FN også. I
tillegg. Vi har dessutan som uttalt
politisk mål hos begge
regjeringsalternativa om at det skal bli
ført ein utanrikspolitikk som vil føre
til at endå fleire blir sysselsette i
dette byråkratiet. Pluss i andre liknande
byråkrati rundt om i verda.

Dette fenomenet blir forsterka av at topp-
politikarane våre ikkje vil bli
fylkesmenn lenger, men vil ha
toppstillingar i internasjonale byråkrati
når dei går av. Slike pensjonsinnskot er
dessutan veldig dyre. For innskota skjer
indirekte gjennom løyvingar til føremål
som framstår som langt meir ideelle enn
dei kanskje er. I realiteten. Så vi kan
med oljepengane om nokre år meir enn
oppfylle Luttwaks dystre profeti om kva
som matematisk naudsynt må skje med eit
land som mistar alle sperrer på dette
området.

Stadig fleire nordmenn er altså tilsette
i det offentlege, direkte eller
indirekte, stadig fleire indirekte som
pensjonistar, og mange andre er også
indirekte knytte til Staten. Ikkje minst
har finansielle aktørar sjølvsagt eit
vake blikk for å kunne hente bitar av
statsrikdommen straks han ikkje blir
vakta godt nok. I Nord-Noreg blei tilskot
frå det som heitte Distriktenes
Utbyggingsfond kalla ”egenkapitalen” før.
No er eg stygt redd for at denne
eigenkapitalen mest er å finne i Oslo.
Dit det meste av kapitalen no strøymer,
og kor spekkhoggarane er flest.

Alle samfunn opp gjennom tidene med von
om å overleve, har vore grunnlagt på
erkjenninga av at sjansen til å klare seg
best og overleve er større når dei kloke
styrer dei mindre kloke. Også dette
forholdet er vi i ferd med å snu på
hovudet her i landet som følgje av alle
pengane frå oljen. Pengar er no alle
tings målestokk, og dei beste leiarane
med røynsle frå livets harde realitetar
går til næringslivet. I stadig større
grad.

Spørsmålet er då om dei mindre kloke kan
styre dei som er meir kloke. Særleg viss
dei siste vil ha mest mogeleg av
rikdommen som dei med mindre handbagasje
skal ta vare på og forvalte som følgje av
at dei så stolt styrer som følgje av
eigedomsretten. Som dei visstnok skal ha
fått til å styre med som følgje av
røysteretten din og min. Svaret er:
Neppe. Det blir for komplisert og
uoversiktleg. Pluss ubegripeleg.

Godt lovar det iallfall ikkje når til og
med samane kan klare å kare til seg 96 %
av jorda i Finnmark. Som dei no skal
styre som følgje av eigedomsretten til
det som før var Statens grunn. Rett nok
skal dei styre saman med nokre andre
ikkje-samar som gjer det også som følgje
av røysteretten, men det er sjølvsagt
berre mellombels. Det mellombelse er
ikkje i slike samanhengar noko som enno
ikkje er blitt varig. Slik det ofte elles
er. Det veks også heile tida fram nye
opne og skjulte strukturar mellom statleg
verksemd og næringslivet som er
uoversiktlege. Dette kan føre til
uheldige tilstandar.

Når eit morselskap i Røkke-systemet og
det viktigaste selskapet i landet,
pengemaskinen Statoil, skiftar toppsjef
med kvarandre i ein rokade på
sjakkbrettet, blinkar ingen raude lys hos
dagens politikarar. Heller ikkje hos
pressa. Slike tilstandar er sjølvsagt
uheldige prinsipielt  og skulle ha vore
unngått i praksis. Trass alt er det også
her ein tidlegare biltjuv som vi har med
å gjere. Til overmål. Jamfør opplysningar
om fortida i ein enno ikkje rettskraftig
dom i Oslo byrett for korrupsjon. Likevel
ingen varsellys.

Den praktiske skilnaden i følgjene av dei
politiske alternativa ved dette
stortingsvalet, er kanskje berre kor
stort tempo som byråkratiet skal vekse i.
For no skal det offentlege bruke meir
pengar enn nokon gong. Alle flokkar seg i
sentrum, det ekstreme sentrum. For å vere
med på å bruke all denne rikdommen. Dess
meir pengar å handtere, jo meir makt, er
tanken. Ingen tenkjer på avmakta som er
innebygd i systemet. Avmakta kjem
sjølvsagt til å vekse i direkte
korrelasjon med veksten i systemet. Med
veksten i byråkratiet. For folkestyret er
ikkje akkurat dette lovande. Sett
nedanfrå vil folk oppleve at alle dei
gale tinga kjem til å halde fram med å
bli gjort gale i stadig større grad.

Ingen av
regjeringsalternativa vil no
fortelje deg kva politikk som dei skal
føre som følgje av eigedomsretten. Ikkje
før etter at eit av
partia har fått
røysta di. Kanskje ikkje då ein gong.
Redsla for å hamne utanom det ekstreme
sentrum er større enn ved noko val før. I
alle parti. Følgja er at vi som veljarar
berre har å  halde oss til kva motpartane
i konkurransen om regjeringsmakta påstår
om kvarandre. Om kva politikk som kjem
til å bli ført viss den andre kjem til
makta. Slik motparten altså framstiller
den andre. Noko sikkert og påliteleg
grunnlag er ikkje akkurat dette for
rasjonelle og pålitelege val hos deg og
meg. Då er det meir rasjonelt å slå krone
og mynt faktisk. Før du går inn i
røystelokalet 12. september.


Ikkje rart at politikarforakten aukar hos
veljarane når veljarforakten er blitt så
stor hos politikarane. I eit samfunn som
er i ferd med å snu på hovudet forholdet
mellom kven som styrer kven, er det
farleg for dei styrande i dag å
undervurdere intelligensen til dei som
skal bli styrte. Folk flest forstår
veldig mykje. Ofte mykje meir enn dagens
politikarar har føresetnader til å
forstå. Vanlege menneske treng berre av
og til hjelp til å setje ord på det som
dei skjønar. Dessutan er menneske flest
meir opptekne av å bli respekterte. Enn
likte.

I dette ligg vona. Om å berge
sjølvsrespekten til slutt.  For dei
fleste av oss.

Godt val! Berre slå krone og mynt i valet
mellom dei to regjeringsalternativa. I
alle høve er ei slik handling mest
rasjonell i dagens system. Viss du er i
villreie. Når du har gjort valet ditt på
denne måten, kjem du til å oppdage at du
om morgonen dagen etter vil kunne sjå deg
sjølv i spegelen og spørje: Er eg ærbar
og rein? Og svaret vil vere: Ja! Eg har
gjort det som var mest fornuftig. Mest
rasjonelt. I ein slik ubegripeleg
situasjon. I eit land der valfridomen er
ein illusjon når alle politiske parti er
ein integrert del av eit ofte opplevd
irrasjonelt politisk system, og der desse
strukturelle defektane er maskerte ved
hjelp av ubegripeleg mykje pengar. At
ingen regjeringsalternativ vil fortelje
deg stort anna enn påstandar om den
andre, gjer det ikkje mindre rasjonelt å
kaste krone og mynt.

Hugs at det finst førti ulike former for
galskap, men berre ein sunn fornuft, som
eit afrikansk ordtak seier. Men det
stammar frå tida før Noreg tok til å
hjelpe Afrika med å bygge byråkrati.
Hammaren som altfor ofte blir spikaren i
krossen til tyranniet. Overalt.



Les også førre kommentaren, om terror, publisert 12. juli
2005:

"Krigen mot krigen - følgjene av ein absurditet"
(nynorsk)

Bokmålsversjonen finn du her
"Det er bedrifter
og privat verksemd
elles som blir
styrte som følgje
av eigesdomsretten
i eit
marknadsbasert
demokrati, ikkje
forvaltninga. Men i
denne vår nye tids
uorden er det meste
snudd på hovudet.
Så no styrer
politikarane
forvaltninga som
følgje av
eigdomsretten når
veljarane har gitt
dei rett til å
styre som følgje av
røysteretten"
Norulv Øvrebotten
www.oevrebotten.com
Denne kommentaren om stortingsvalet er publisert 12. august 2005