You need Java to see this applet.
    
Januar 1996

Tilfellet Willoch



Når eg ser Kåre Willoch, den stadig meir offensive
samfunnsdebattant, tenkjer eg ofte på ei kveldsvakt i
Dagsnytt på byrjinga av åtti-talet. Willoch var
statsminister. Vaktsjefen ga meg på tampen av kvelden i
oppdrag å lage eit innslag til 07.30-sendinga dagen etter.
Det prestisjefylte, britiske magasinet "The Economist"
hadde nemleg laga ei "cover story" på norsk økonomi og
politikk. Det var ei rad artiklar som analyserte Noreg. The
Economist var kritisk til den oljeavhengige økonomien
vår. Bladet var også kritisk til regjeringa Willoch, som det
meinte ikkje hadde gjort noko særleg, bortsett frå å
oppløyse NRK-monoplet.

"The Norwegian economy is in a mess", skreiv The
Economist, hugsar eg. Den unge reporter med blikk for
fengslande overskrifter, greip sjølvsagt straks dette
poenget. Neste dag kunne det norske folk ved
frokostbordet høyre at "den norske økonomien er i eit
einaste rot, ifølgje "The Economist". Deretter følgde eit
kjapt samamdrag av kritikken som det konservative
britiske magasinet retta mot den konservative norske
regjeringa med Kåre Willoch i spissen. Innslaget vekte
oppsikt.

Den som likte det aller, aller dårlegast var statsminister
Kåre Willoch, som meinte eg ikkje hadde gitt noko rett
bilde av artiklane i "The Economist". Han gjorde innslaget
i Dagsnytt om til eit spørsmål om dårlege
engelskkunnskapar i Dagsnyttredaksjonen.

Kollegaene mine i stortingsredaksjonen, Olav Versto og
Håvard Narum, kunne fortelje at statsministeren gjekk
nede i Stortinget og klagde på meg og innslaget. Han
hadde hengt seg skikkeleg opp i det. Særleg var det
tungt å svelgje at eg hadde omsett "in a mess" til "eit
einaste rot". Willoch insisterte på at dette ikkje var rett. "In
a mess" måtte forståast langt mildare - "at det stod dårleg
til". Sa Kåre Willoch.

Det gjekk eit par dagar. Så kom kritikken offentleg. Ikkje
alle journalistar har opplevd å bli skjelt ut med fullt namn
på ei heilside i VG av statsministeren. I alle fall ikkje for
dårlege engelsk-kunnskapar. Eg har alstå det. Willoch
var skikkeleg irritert, og ein såpass omfattande kritikk frå
ein statsminister var noko som gjekk rett til topps i
kringkastinga på den tid. Den som måtte fram med alt
underlagsmateriell, notat og ordbøker til sjefane var
programsekretær Norulv Øvrebotten. Eg var skikkeleg
glad då programdirektør Gunnar Gran til slutt rykte ut
med innlegg i VG og ga meg full støtte. Gran viste til at
ordbøkene våre omsette "in a mess" med "i et eneste rot/
i et eneste virvar".

1-0 til meg over Kåre Willoch. Som no igjen blei "mobba"
for engelsken sin. Like før hadde han sagt "Good day" i
starten på ein fjernsynstale i Amerika, og utløyst ein himla
diskusjon om det betydde "God dag" eller "Farvel". Dei
fleste fagfolk meinte det siste, og i så fall var det ikkje
akkurat rette måten å opne ein tale på. Willoch, han heldt
på sitt. Ravnane Hugin og Munin i Vårt Land hadde gode
dagar så lenge Willoch var statsminister. Både med "God
day" og "in a mess".

Min vesle, sjølvopplevde anekdote fortel mykje om tilfellet
Kåre Willoch. Han har alltid vore duksen i klassen, og alle
elskar å tukte duksen, som du veit. Spesielt når han gjer
feil. Og det heilt spesielle med Willoch har alltid vore at
han aldri vedgår feil. Pr. eigen definisjon er han så å seie
feilfri. Han held på sitt til siste nikk. Det er Willochs svake
side.

Ei anna svak side er tendensen til å henge seg opp i
detaljar og aldri bli ferdige med dei. Ein statsminister
burde sjølvsagt ikkje bruke mykje tid på
engelskkunnskapane til ein tilfeldig radioreporter og eit
negativt oppslag i Dagsnytt. Det var likevel typisk av
Willoch å gjere slikt. Han tente lite på filologiske
diskusjonar. Der var han på bortebane, men kanskje ikkje
alltid så mykje som mange meinte. Eg kunne ikkje anna
enn flire då eg kom til Canada fleire år etter den
selsomme debatten om "Good day".

Der borte trefte eg den eine etter den andre som sa
"good day" når dei opna samtalen. Kanskje Willoch ikkje
var så dum likevel på amerikansk fjernsyn? Det er iallfall
fullt mogeleg å seie "good day" på engelsk som opning
midt på dagen. Så mykje har eg lært etter kvart som eg
tok kritikken frå Willoch innover meg og tok til å betre på
engelskkunnskapane. Han hadde nemleg eit lite poeng,
den gode Willoch, sjølv om han ikkje klarte å ta meg på
"in a mess".

Du kan vere usamd med Kåre Willoch, men det er
vanskeleg å unngå å få respekt for kor dyktig denne
mannen er. Klartenkt. Analytisk. Polemisk. Ingen tvil om at
Willoch er ein av dei flinkaste politikarane som Noreg har
fostra i etterkrigstida. Måten han held fram med å utvikle
seg på både som menneske og politikar, står det respekt
av. Eg likar mykje meir den nye, radikale Willoch enn den
gamle, konservative. Kåre Willoch framstår i dag som ei
stjerne i norsk samfunnsdebatt. Klar, klok og farleg
radikal. Faktisk er han blitt så radikal at han går til åtak
på Arbeidarpartiet frå venstre og avdekkar konsekvensen
av at ideologiane skal vere døde.

Sjølv for Willoch er det i drygaste laget at millionærane
har ein skatt på 28 prosent, medan dei som arbeider har
ein skatt på opp mot 50. Dette har medført langt større
skilnader mellom folk, meiner Willoch, og oppslaget i
Aftenposten denne veka om 30.000 nye millionærar etter
at regjeringa Gro Harlem Brudntland overtok i 1990,
stadfestar det han seier. Willoch påpeikar noko alle kan
sjå: Det er dei kjappe spekulasjonsgevinstane som blir
lettast skatta i dagens Noreg.

For grasrota i regjeringspartiet er dette faktumet sjølvsagt
svært ubehageleg å bli mint om. For skattepolitikken er
ikkje lenger ideologisk basert. Den er ikkje lenger
rettferdig. Den favoriserer kapital framfor arbeid. At det er
blitt slik, er lett å forklare: Kapital kan lett flytte seg over
landegrenser. Berre eit par tastetrykk skal til. Difor er det
vanskeleg å skatte kapital tyngre i Noreg enn andre land.

Arbeid er langt mindre flyktig. Difor er det enno mogeleg
å skatte arbeidsinntekter tungt. Det same gjeld formue i
form av fast eigedom. Det kan heller ikkje så lett flyttast.
Kåre Willoch hadde ein finansminister, Rolf Presthus,
som på spøk samanfatta skattepolitikken sin på denne
måten: "Hvor mye penger har du? Hvor er de? Når kan vi
komme og hente dem?" Det som altså var spøk på
åtti-talet er blitt politisk rettesnor på nitti-talet, og Kåre
Willoch av alle har sett ord på noko som folk flest med
arbeidarbakgrunn opplever som djupt urettferdig.

Det kan bli litt av eit liv på neste landsmøte i
Arbeidarpartiet om ein delegat med evne til prinsipiell
tenking, gjer framlegg om at arbeid ikkje skal skattleggast
hardare enn kapital. Det burde eigentleg ha vore
sjølvsagt at eit slikt framlegg blei samrøystes vedteke i eit
sosialdemokratisk parti, men eg tvilar på at det skjer i
Arbeidarpartiet av i dag.

Det meste i norsk politikk er snudd opp ned. Willoch
medrekna. Han blir likevel ikkje ferdig med å minne sin
argaste motstandar frå 80-åra, Gro Harlem Brundtland,
om at ho brukte opp alle femti oljemilliardane som han
etterlet seg på bok, og at ho attpåtil har sett over styr eit
par hundre oljemilliardar i tillegg for å halde styrefart på
skuta Noreg. Tapet av taburetten i 1986 svir, og Willoch
er oppteken av ettermælet som statsminister. Om dette er
nok meiningane delte, men som samfunnsdebattant bør
han få eit godt ettermæle. Det er altfor få willochar i
dagens ordskifte. Han blir altfor lett åleine om å tenke nytt
og spennande.

Når du ser den briljante fylkesmannen i sving på TV, skal
du hugse på at dette er ein gjennomført profesjonell aktør
på den offentlege scene. Han er frekk som få. Eg hugsar
ubåtjakta i Hardangerfjorden, også det på åtti-talet.
Forsvaret hadde om natta skote med terne-rakettar mot
det som ein trudde var ein ubåt. Dette var toppsaka vi
jobba med om morgonen, sjølvsagt, og eit par minuttar
før hovudsendinga klarte vaktsjef Per Ståle Lønning å få
kontakt med statsministeren. Willoch kjende ikkje til noka
ubåtjakt i det heile teke. (At Dagsnytt var først til å
informere forsvarsminister, statsminister og andre toppar
om slikt, var slett ikkje uvanleg.)

Per Ståle sette Kåre Willoch inn i situasjonen, ba han
vente på telefonen og gjekk i studio, der han avfyrte
følgjande spørsmål til Willoch på direkten: - Kjende
verkeleg ikkje statsministeren til den storstilte ubåtjakta i
Hardangerfjorden? - Å, joda, selvsagt kjente jeg til den,
svarte frekke Willoch utan å nøle og framstod som den
velinformerte statsminister som han burde ha vore. Og
Per Ståle? Han fekk sure telefonar og brev frå folk som
meinte det var uhøyrt å stille statsministeren eit slikt
spørsmål! Nei, Kåre Willoch er ikkje lett å bryne seg på.
Han er og blir eit spesielt tilfelle i norsk politikk.




Les neste
"Kåre Willoch er ikkje lett å
bryne seg på. Han er og blir eit
spesielt tilfelle i norsk politikk"
[ Yahoo! ] options
Norulv Øvrebotten
www.oevrebotten.com